26. juni 2014

"Nytt" golv

Hyttegolvet har lenge sett litt "ruskje" ut, med ulike sjatteringar av grøn, grå og eg veit ikkje kva. No har Oddlaug og Jørgen teke ansvar og malt golvet grått, til glede for alle partar. Dei fekk vel fortente fine dagar under arbeidet.





Oddlaug med rulla i angrepsposisjon.
Det er stor forandring å sjå.
 
Her er golvet ferdig malt.
Det er ein god del ljosare enn før,
og fargen heiter "Dream step"!
Eit drøymesteg inn i hytteverda...

Lasse og Ann Cecilie på fjelltur 

Jørgen ser litt vonbroten ut.
Årsaka er dårlege øksar med lause skaft.
Ikkje fortvil; Kåre skal kjøpa ein
skikkeleg kløyveøks til oss.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar