16. april 2014

Påska 2014

Påska 2014 var veldig fin, bortsett frå nokre dagar med regn. Hytta var open som vanleg for ymse besøk, men det var nok berre Oddlaug og Jørgen som som overnatta. Andre var på dagstur, mellom anna Dag med fylgje. Isen var gått allereide, og det er rekordtidleg i fylgje Pål.

Alt er i orden i hytta, solvarmepanelet surrar og går, vassverket er i drift att, aggregatet er lettstarta, i det heile, berre velstand.

Ein av dei mange fine påskedagane i 2014.
Oddlaug har teke biletet.


Geir, Gjert og Katrine er med og får båten på
vatnet, berre ei veke etter at isen gjekk.

Vi har arbeid å gjera: grantre gjer
seg best i omnen! Ei svær gran
søraust for hytta gjev mykje brenne.

Fjellgran har utruleg mykje kvist.

Gjert, Geir og Katrine syner fram resultatet: ei røys med
grankubbar. Det er fritt fram for alle å kløyva..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar