1. mai 2012

Vedskjulet vert reist

1. mai er ein stor dag på mange vis: for arbeidarrørsla og for vedskjulet på Fjellstovo. Knut Erling stillar med fullt mannskap frå Åkra, og Uskedalen mønstrar også ein tropp. Veret kan ikkje bli betre, og det kan sikkert finnast verre plassar å driva med barnearbeid og amatørsnikring under oppsyn.















Isen ligg tjukk på vatnet enno, men det er ei glipe ved Stemno.



Fylgjet frå Åkra balanserar over demningen ved Stemno: Knut Erling, Elin og Even frå venstre.

 Ei lokal padde ynskjer oss velkommen til fjells. Ho trivst godt på handa til Knut Erling.

  







Flagga er heist, og rama er lagt ut. Istadenfor detaljerte arbeidsteikningar fungerar armveiving og augemål fint, men når plasseringa først er bestemt, er det millimeterpresisjon som gjeld.








Even og Knut Erling i arbeid.

















Elin og Berit går gjennom hytteboka frå farne tider, medan Mariann solar seg på benken.


Vi kan ikkje berre arbeide, ein må ha mat også. Det er kraftig kost, nesten cowboyfrokost til lunsj. Som de ser er vatnet islagt, og isen har teke kaia vår med på reise.

Her er heile arbeidslaget rett før vi tek kvelden og drar til bygdars att. Frå venstre Dag, Elin og Even (i "døra") og Knut Erling. Det ser kanskje ut som ein ballbinge, men er ein kjempefin start på tilbygget, som skal få saltak med same vinkel som hovudhytta.
Berit og Mariann går heim att over Steinheiane og Kjellhaug.

Vi får sjå om dette er ein god nok start til at vi andre kan fullføra, eller om Knut Erling & Co tek ein økt til.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar