10. mars 2012

Gråver og myrkeskodda


Dag er til fjells for første gong i 2012. Det er regn og overvatn på Mannsvatnet, men framleis mykje snø. Det er alltid stemning og kos inne i hytta uansett ver, og litt tøft med ruskaver og.


Snøen er grave vekk på "vedskjultomten", så det er håp med tanke på innleiande arbeid til påske eller seinare på våren...



















Vassverket er i gong att, men frosten har fare ille med utstyret. Ingenting som ikkje litt elektrikartape kan ordna.

Noko anna som kanskje ikkje let seg ordna, er brennplatene på gassomnen. De ser passe morkne ut etter vinteren, mest som om dei går i oppløysning. Er det nokon som har sett slikt før, og kan vi skifta platene, eller må heile omnen til bygdars? Eg har kobla fra gassflasken førebels..

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar