12. april 2009

Påska 2009













Påska i år var måteleg bra med omsyn til været, men Fjellstovo hadde bra besøk. Fleire av eigarane er ikkje så glade i det kvite kalde (snø), så det vart Yri'ane og Dag som var innom. Det fungerte heilt greit å stille påskeveka si open for alle, slik Annlaug og Dag gjorde. Kanskje det vert ein tradisjon.

Kjell og Mona var oppe i palmehelga, og Kjell tok dette drøymebiletet av Nåso og Hauglandsfjellet laurdag morgon.















Det er alltid skiftande lys og stemning på fjellet.










Gjert i friskt driv mot hytta, i palmehelga då det endå var mogeleg å gå på vatnet.

















Kjell og Mona har hatt ei fin palmehelg, og tek godt imot Dag og Gjert på ettermiddagsbesøk.










Tidleg i påskeveka er Dag og Gjert på oppdrag: frakta solvarmepanelet frå Kåre Vetrhus si hytte over til Fjellstovo. Der skal visa seg å vera "Mission impossible"; etter 4 gjennomslag i isen på vatnet er vi iskalde langt opp på låra. Turen rundt vatnet vert eit drøyt tak.


Vi er nett berga inn i varm hytte og har fått kakao i koppen. Oddlaug og Jørgen har overnatta og har hytta varm og god.




Etter kort kvile får Dag og Jørgen solvarmepanelet på plass. Trur dei er nøgde med resultatet.
Det verkar fint, og bles varm luft inn når sola skin. Effekten er vanskeleg å sei før det har gått nokre veker. Det er både vifteregulator og og termostat, og vifta kan slås heilt av hvis lyden er sjenerande.


Dag og Gjert er på overnatting frå Skjærtorsdag til Langfredag. Bra stemning om kvelden med kalde øl og radio.


























Høgdepunktet for Gjert er frokosten med speilegg og sprøsteikt bacon.



Utpå langfredag kjem våren, og snøen brånar vekk, det klukkar og sildrar i lia, og vi synes at skia går like godt på lyng som på snø.


Tverrelva er stor i vårløysinga.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar