28. juli 2008

Sommar!

Sommaren i år er fantastisk, og det er fritt og svalt på fjellet, jamvel om temperaturen kryp opp mot 30-talet nede i bygda. Dag og Jesper ligg over i hytta, medan andre kjem opp på dagsturar.












Det er ikkje ofte ein kan fiska slik utan vadestøvlar. Det er 23 grader i vatnet!


Berit fiskar og fiskar. Tålmod gjev løn, og middagen er sikra.


Jesper (son til Elisabet, som er dotter til Trygve-Harald) er endå meir fiskegalen.


På steinen er godt å vera, der er alltid ei lufting. Mariann og Berit nyt kaffien. Takk for stigen!




Jesper storkosar seg på fjellet, og er vel nøgd med fiskane, sjølv om dei er små.


Typisk Mannsvatn-aure: 4 om gongen i steikepanna.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar