Snartur til fjells
Etter ein triveleg kveld på bøkkerverkstaden går Gjert og Dag til fjells i sommarnatta. På saftgrøne grasbakkar går vegen opp Rødslio, og vi er framme om lag på den mørkaste timen om natta. Det er framleis fint å gå, med gull på nordhimlen, og Nåso lysar i sør over ein skoddedott i dalen..jpg)

Gjert langar innpå med egg og bacon, steikt på den nye komfyren.
Vi går ned att midt på dagen, utan å ha gjort noko anna enn å nyta morgonen. Men vi ser at det er gjort fint arbeid rundt kjøkenglaset og over døra, for ikkje å snakka om nede i Svartaholet. Sjå elles "Arbeidsplan" for ein diskusjon om isoleringa av golvet.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar