13. oktober 2007

Haustleg helg

Det er ein typisk oktoberhelg, med gråver og småregn. Men det skremmar ikke Gjert og Dag frå å ta ein tur til fjells.




Dag kløyver runde bjørkekubbar i halvdelar, så tørkar dei betre. Veden er ikkje heilt tørr ennå, eller så har han fått væte på seg.


Gjert malar begge hemsane.Vi tar ned alt som er lagra, så nestemann må vera førebudd på litt rot nede i stova. Men det er berre å få det opp att når malingen er tørr.









Ein kikk nede frå kjellaren. Her er mykje betre plass enn ein skulle tru, og nokonlunde tørt med god lufting. Ragnar & co har laga luke i golvet og starta med spikerslag for golvplatene. Golvplatene er forresten henta frå Kåre Vetrhus si hytte, og ligg no under presenningen utanfor Fjellstovo.


Det er litt gruvestemning i kjellaren.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar