3. juni 2007

Fjellstovo skiftar ham



Denne helga er det stor aktivitet i fjellet. Allereie torsdag er Ragnar og Knut Erling oppe og lagar kasser under takutspringa. Begge går ned att, men Knut Erling er oppe igjen fredag før gauken har stått opp. Gunn-Sølvi, Kåre og Ann Mari er og på hytta, og veggar vert vaska, panel bore til tun, kassar laga.


Dag kjem opp seint fredags kveld, tungt lasta med maling. Gunn Sølvi er fergedame under ein flott kveldshimmel.


No står "plommeveggen" for fall, og stovo er alt mykje ljosare.


Kåre tar mål av underpanel på kassene. Desse detaljane har mykje å sei for korleis hytta tar seg ut.


Middagen smakar best i friluft, iallfall når malingdunsten heng tung i stova.


Det er vaktskifte laurdag kveld: Gunn Sølvi m/fylgje drar heim, medan Ragnar ventar på Påla-tangen.








Etter ein røyk og ein kaffi er Ragnar klar til innsats. Her vert endeleg skorsteinen til doen sett på plass.











Er opningen i taket stor nok?




Doen er ferdig, med røyr, skap og det heile. Her manglar bare vaskefat og porselensmugge..















Ragnar lagar frukost i den nye opne kjøkenløysinga. Her er fullt utsyn, og innsyn, så vi kan ikkje rota for mykje på kjøkenet lenger.


Frukosten smakar, med speilegg og Knut Erling sitt heimelaga flesk.





Johanna, Karianne og Bente er oppom på søndagen. Bente badar i vatnet, men er ikkje veldig lenge uti..


Dag er i arbeid med malerrulla, og sakte vert veggen raud.


Hytta er blitt ny.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar